NBSK avd. Sogn og Fjordane

Aktivitetsgruppa for Sogn og Fjordane

Det bur ein heil del berner sennenhundar i Sogn og Fjordane óg, men for tida har vi ikkje danna eiga avdeling av Norsk Berner Sennenhundklubb. Som ein følgje av at vi bur spredt og med til dels lange avstandar er aktiviteten begrensa til tre-fire treff på ulike stader i fylket i løpet av året.

Mange av oss er engasjert i lokale brukshundklubbar der vi bur, så du treff oss der. Utstillinga til Førde brukshundklubb siste helga i april er et av høgdepunkta i året, og den helga samlast vi om vi har utstillingshund eller ikkje. Det er kjekt berre å treffast og prate berner.

Ellers i året kan du ta kontakt, så skal vi sette deg i kontakt med bernerfolk nær deg. Vil du at vi skal gje deg beskjed om aktivitetar og samlingar som kjem opp spontant, send oss ein e-post med namn, adresse og telefonnummer.

I tillegg til denne sida har vi óg ei ope Facebook-side og ei lukka gruppe der vi diskuterar stor og smått i kvardagen, og skryter av dei beste hundane i verda; Våre eigne.

Siste nyheter fra NBSK avd. Sogn og Fjordane Gå til arkiv