Turtreff ved Bekkjavatnet

1. november er første dagen etter utvida bandtvang i Førde. Det var også dagen for eit hastig innkalt turtreff i Førde. Vi møttes på parkeringplassen ved E39 på Langeland sør for Førde, og gjekk turvegen inn til Hundsrasta og leirplassen der. Av fire firbeinte var det to «veskehundar» og ein med vogn. Oppi vogna var det både gassgrill, mat og meir til.

Vel under tak i gapahuken der fekk vi fart på grillen og pølsene fekk varma seg. Det er underleg kor fort tida går når eier i godt lag og kan dele smått og stort frå kvardagen med verdas herlagaste rase. Gråver og lett duskregn innimellom la ingen dempar på stemninga, og hundane ble tilgodesett med restane som vi ikkje orka. Det er ein fin ting ved desse allvershundane våre. Dei tek til takke med det som byr seg og er like glade same kva.

Følg med her og på Facebooksida vår. Plutseleg kan det bli annonsert eit treff nær deg.

Print Friendly