Utstilling og LP i Naustdal

Bli med på bernerfest i vest

Vinnerbilde av hund og eier i utstillingsringen
Storm. BIS veteran i Naustdal to år på rad,

Søndag 26. april arrangerar Førde brukshundklubb utstilling og lydigheitskonkurranse i Naustdal. Utstillinga er for alle rasar, og samlar vanlegvis mellom 200 og 300 hundar frå heile Vestlandet. Dette er den einaste storutstillinga i fylket i løpet av året, og vi inviterar både bergensarar og sunnmøringar om å bli med på moroa. Her samlast vi enten vi har utstillingshund eller ikkje, for det er kjekt å treffe så mange likesinna på same plassen. I 2014 var berner sennenhund største påmeldte rase med meir enn 30 hundar og blei plassert i alle gruppefinalane i tillegg til å få BIS Veteran. Bernerdommar for året er Hannele Jokisilta, Finland.

Utstillinga går føre seg i Naustdalshallen, mens lydigheitskonkurransane går på plenen nedanfor kyrkja. For nærare opplysingar, sjå nettsida til Førde brukshundklubb

Print Friendly